|
torsdag 16. august kl 12:00
Kurs i ny nynorsk rettskriving
Ny nynorsk rettskriving for 2000-talet. I september 2011 godkjende Kulturdepartementet den nye rettskrivinga for nynorsk, som skal gjelde frå 1. august 2012. I samband med det tilbyr Språkrådet kurs for norsklærarar om den nye norma. Det er tidlegare sekretær for rettskrivingsnemnda, Aud Søyland, som held kursa, og ho får med seg tidlegare nemndleiar Grete Riise, så langt det let seg gjere.
Dei to gjer greie for det endelege resultatet av arbeidet i rettskrivingsnemnda, men undervegs kjem dei inn på bakgrunnen for at det vart ei ny rettskriving no, arbeid som var gjort av tidlegare nemnder, mandatet for denne nemnda og korleis ho vart samansett, og ikkje minst arbeidsprosessen i nemnda. For første gong har ei rettskrivingsnemnd hatt dialog med brukarane undervegs i prosessen, gjennom nettside, e-post og blogg, open høyring undervegs og mange brukarmøte, og dei to innleiarane seier noko om erfaringane med ein slik open prosess, og kva det har hatt å seie for resultatet. Vidare kjem dei inn på arbeidet som no er i gang for å få iverksett den nye norma
Ved stor påmelding vil Haugesundslærere bli prioritert.
Kursavgift for lærere fra andre kommuner er kr. 200
Påmeldingsfrist: onsdag 20. juni kl 12:00
Kategori: Kurs for lærere - Påmeldte: 70 - Ledige plasser: 0 - Antall visninger: 133 |
|
70


 0 |